onsdag 30. januar 2013

Babyteppe og smålabbar.

Sjølv om det er ei stund til april har eg byrja strikke til den vesle prinsessa som er i vente. Eit lunt teppe i ull er godt å kunne pakke rundt ein liten kropp heile året. Eg har strikka eit i Hjerte frå Hillesvåg ullvarefabrikk på p inne nr 3. 297 gram garn gjekk med til dette teppet, men då har det ganske god størrelse og, 90 * 70 cm.

Hjerte er eit av mine favorittgarn i superwashkvalitet. Synes det nuppar lite, er passe mjukt i bruk utan å verta slaskete og drøyt i strikk. I tillegg har det utruleg flotte fargar hos Hillesvåg, berre sjå fargekartet .
Mønsteret til teppet fann eg i Sandnesgarn sitt mønsterhefte 0514  Barn 0 - 14 år. Synes ofte at det er få plagg som kan brukast i eit hefte, men her har eg strikka fleire sett og gitt i gåve. Då brukar eg gjerne Lanett frå Sandnes. Hjertegarnet er litt tjukkare, kan brukast i staden for Sisu eller Daletta i plagg.
Elles er eg fornøyd med å ha strikka nokre små labbar av restegarn. Slike smårestar som vert lagt til side har lett for å ikkje verta brukt her i huset. No fekk eg tre par som kan gjevast i gåve eller verta gevinstar saman med noko anna på ein basar.


4 kommentarer:

  1. Hei,
    Heilt nydelig teppe du har strikka. Slike ullplagg kan brukast heile året...kjempegode.
    Lestane dine såg gode ut og dei var i fine fargar.

    SvarSlett
  2. Teppet er aldeles nydeleg, så fint mønster!
    Det er veldig greit å nytte restegarn til sokker, fine farger du har brukt.

    SvarSlett
  3. Det hjertemønsteret har eg ikkje sett, kjekt å sjå noko nytt! Og gratulera, for eg reknar med at det vetla som er i vente er barnebarnet ditt?
    Herlege små sokkar, slike kjem alltid med. Kjøpesokkar kan ikkje samanliknast med god, heimestrikka kvalitet!

    SvarSlett
  4. Så nydelig hjertemønster :) kjempefint teppe Åshild, og søte sokker/labber, så flink du att! :)

    SvarSlett